Vi samlast på Hardangerfjord Hotel i Øystese, 5.-6. november, og ynskjer unge bønder spesielt velkomne.
Fredag startar seminaret opp med innlegg frå blant anna administrerande direktør i Norsk Landbrukssamvirke, Gaute Lendvik, før Peder Skåre frå Landkreditt Bank vil snakke om «Korleis kan ein få pengar til å gro?». Andre tema på fredag er innsamling av landbruksplast, dyrevelferd og framtidas energi på fjøstaket. Dagen vert avrunda med gardsbesøk og ein triveleg sosial middag.
Laurdag held seminaret fram med spennande innlegg om mellom anna ny teknologi og HMS i landbruket. Dette er tema som er viktig for vestlandsbonden. I tillegg vert det fokus på verktøy og stimuli for den nye bonden i samtale med Statsforvaltaren i Vestland og Innovasjon Norge. Her kan du stille spørsmål direkte til panelet.
Laurdag gjestar og styreleiar i Nortura, Trine Hasvang Vaag seminaret. Ho vil snakke om vekstmoglegheiter og marknadsutvikling saman med Ketil Lerfall i Gartnerhallen. Øystein Tholo frå NLR Vest avsluttar seminaret med innlegget «Ikkje høyr på far din!».
Er du medlem i Bondelaget og under 35 år er seminar, middag og overnatting gratis.
Påmelding
Meld deg på per e-post til vestland@bondelaget.no eller på tlf 906 44 395. Inkluder denne informasjonen i påmeldinga: Fullt namn, e-post, mobilnummer, kva dag(ar) du ynskjer å vere med, om du skal ha overnatting, middag og eventuelle allergiar.
Påmeldingsfrist: Så fort som mulig og senest 17. oktober
Seminaret vert arrangert av TINE, Nortura, Landkreditt Bank, Felleskjøpet Agri, Gartnerhallen og Vestland Bondelag.
Også samlinger i nord og på Agroteknikk
Landkreditt er med som arrangør av ny bonde-samlinger flere plasser i landet. Først ut er kurs for unge bønder i Bodø 22.-24. oktober, før det blir samlingen i Øystese 5.-6. november og storsamling for nye bønder på Lillestrøm 27. november i forbindelse med Agroteknikk.
Er du ung bonde, kommende bonde eller ny bonde? Bli med da vel!