På årsmøtet vart årsmelding og rekneskap behandla, med ein påfølgande debatt kor årsmøteutsendingane kunne koma med sine innspel og betraktningar. Mange tok ordet, og ulike tema vart debattert.
Brenner for medlemsdemokratiet
Synnøve Smørdal Wiik brenn for medlemsdemokratiet som tillitsvalt.
– Å sikre medlemsdemokrati betyr at dei tillitsvalte representerer sine medlemmar. Då må styret og årsmøtet lytte til medlemmane sine innspel, seier Wiik.
Må vera ei god totalpakke
Bank, fond og forsikringsverda er i stadig utvikling, og vi lurte difor på kva Synnøve Smørdal Wiik meiner at Landkreditt må ha fokus på framover, for å vera fyrstevalet for bonden?
– Landkreditt må vera ei god totalpakke av landbrukslån, boliglån og forsikring. Det må vera lett å skifte bank – til Landkreditt! Og vi må vera ein bank som ser verdiane av gardsbruket, og næringar utanom husdyr- og matproduksjon, meiner Wiik.
Wiik brukte og generaldebatten til å koma med sine innspel, og la blant anna vekt på kraftutbygging og turisme som viktige attåtnæringar som treng finansiering i Sogn og Fjordane.
Viktig med gode prisar
Wiik meiner låge renter på lån og driftskreditt er nokre av fordelane med å vera kunde i Landkreditt.
– Og så er vi ein samvirkebank med ein god nettbank, avsluttar Wiik.