Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

Betre inntekt med godt ver

Analyse av bondens inntekt på Haugalandet viser at inntekta steig bra i 2014. Men har godt ver noen verknad for svineproduksjonen?

Av Ole Christen Hallesby

Medan dei feste bønder nett har sendt inn momsoppgåva, har Tveit Regnskap på Haugalandet gjennomført ein første analyse av rekneskapsmaterialet for 2014. Denne viser ei positiv utvikling for nær sagt alle områdets aktuelle produksjonar. Spesielt mjølkeproduksjonen har styrka lønsemda, men sau og gris viser òg ei veldig god utvikling. For enkelte av produksjonane er auken på over 30 prosent frå 2013 til 2014.

For mjølkebonden er det hovudsakeleg ein styrka mjølkepris som gjer utslaget. Ein ser ein oppgang på om lag 30 øre i høve fjoråret. Av denne oppgangen var 10-15 øre bestemt i jordbruksoppgjeret som såkalla målprisoppgang. Det resterande skriv seg frå betre mjølkemarknad og dels flinkare bønder som økte leveransen.

Grisefint ver

Men rådgjevar Andreas Lundegård hos Tveit Regnskap peiker også på sommarveret som ein grunn. Ein veldig fin sommar, som resulterte i eit godt fôrår og yterike kulturbeite/fjellbeiter hadde god verknad både for ku og sau. Men at grisen nyter godt av flott sommarver tenker ein ikkje på.

– Til og med grisen nytte godt av sommarvarmen – ein produksjon som normalt er lite veravhengig. Det gode veret førte til ein eventyrleg grillsesong, og eit pangsal for grisekjøtet – og på det viset fekk ein snudd overdekning til mest ei underdekning av grisekjøt. Noko som gav grunnlag for betre utbetalingsprisar for grisebøndene, skriver Lundegård i ein pressemelding.

2013 og første halvdel av 2014 var prega av stor overproduksjon, prispress og dårleg lønsemd på grisekjøt. Marknadsføringskampanjar, kombinert med ein god grillsesong sette rekordfart i salet av grisekjøt utover sommarmånadane i fjor. Og i løpet av juli/august var overskot av grisekjøt snudd til balanse eller underskot på kjøt. Dette gjorde at ein kunne ta ut høgare prisar på produkta. Året under eitt styrka dekningsbidraget seg med kr 28 per gris, noko som svarar til ein oppgang på 10 prosent frå året før.

– Og til slutt eit tips til landbruksorganisasjonane: Kanskje årets krav i jordbruksforhandlingane bør vera betre ver.... For 2014 gav nok det eit vel så stort bidrag for Haugalandsbonden som dragkampen mellom Bjørke/Furuberg og Listhaug, skriver Lundegård med et smil.

Tveit Regnskap AS fører rekneskapen for i alt 1.500 gardsbruk i regionen, og i løpet av ein 30- årsperiode har ein fylgt utviklinga på eit knippe av desse bruka. Det spesielle med dette talmaterialet er at det er faktiske tal frå rekneskapet, og ikkje eit kalkulert bilete av den økonomiske utviklinga.

Tveit Regnskap AS