Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

Inntekta ned på Haugalandet

Trass i ein god jordbruksavtale for 2013, blei ikkje resultata betre i rekneskapen hjå bøndene på Haugalandet. Nedgangen var i snitt 10.000 kroner.

Av Ole Christen Hallesby

Skattbar næringsinntekt etter avskriving viste ein nedgang på snautt kr 10.000 frå 2012 til 2013. Dette syner gjennomsnittstal frå Tveit Regnskap AS som er henta frå gardsrekneskapa på i alt 218 bruk frå Nord-Rogaland og Sunnhordland.

Dei siste åra har næringa i stor grad kompensert svekka lønsemd med auke i produksjon og på det viset halde inntekta oppe, men i 2013 vert ikkje denne produksjonsauken stor nok til å dekka opp svekka produksjonsøkonomi. Produksjonsauken held fram, men gjerne i ein litt lågare takt. Økonomien for storfe og sauekjøt er styrka, men andre produksjonar sliter meir.

- Etter ein god jordbruksavtale i 2013 hadde nok mange venta ein vekst i inntekta hjå bøndene i 2013, men fasiten framstår altså litt annleis. Dels skuldast dette at jordbruksavtalen berre gjeld halve 2013 - resten slår inn i 2014. Vidare har nok ein del av produksjonane slite med overproduksjon, samt at eit vanskeleg fôrår med sein vår slår inn i rekneskapen gjennom auka fôrkjøp for dei grovfôretande dyra, skriver Tveit i sin kommentar til talla.

Mellom anna har kostnadane til å rasjonalisere og utvide blitt så store at det er færre som tek risikoen. Investeringsnivået i næringa syner ei dreiing mot meir investering i maskiner i staden for nybygg. I snitt investerte Haugalandsbonden kr 132.000 i nybygg og kr 217.000 i maskinar i 2013. Det er spesielt i dei grovfôrbaserte produksjonane ein ser det blir investert, og i mindre grad kraftfôrkrevjande.

Tveit Regnskap AS fører rekneskapen for i alt 1.500 gardsbruk i regionen, og i løpet av ein 30- årsperiode har ein fylgt utviklinga på omlag 200-300 av desse bruka. Dette er familiebruk som har hatt, og framleis har hovudinntekta si frå jordbruket, og omfanget ligg mellom 1,5 og 2 årsverk. Det spesielle med dette talmaterialet er at det er brukt faktiske tal frå rekneskapet og at det er dei same bruka som er nytta som grunnlag i heile perioden.

Kilde: Tveit Regnskap AS